HeimNyheiterKoronasmitte knytt til Radøy ungdomsskule

Koronasmitte knytt til Radøy ungdomsskule

Ei gruppe av elevane i klasse 9a på Radøy ungdomsskule må halde seg heime neste veke.
Publisert: 09.01.2021
Sist endra: 09.01.2021

13 elevar og 7 tilsette må i karantene, etter at ein person knytt til Radøy ungdomsskule har fått påvist koronavirus.

Karantenetida gjeld til og med laurdag 16. januar. Dette betyr at elevane får digital undervisning heile neste veke og først kan komme tilbake til skulen måndag 18. januar.

Skuleleiinga har vore i direkte kontakt med alle som må halde seg heime. Skulen har i tillegg informert andre tilsette og føresette på skulen.

– Ungdomsskular i heile landet har vore på «raudt nivå» sidan måndag etter juleferien. Vi har difor delt elevane inn i mindre grupper, og treng berre sende om lag halve klassen i karantene, fortel rektor Herø.

Koronasenteret til Alver jobbar med smittesporing og skal teste både tilsette og elevar som er nærkontaktar til den som er smitta.

Personen som har fått koronavirus er nærkontakt til eit tidlegare koronatilfelle i kommunen.