HeimNyheiterKoronatilfelle knytt til Knarvik barneskule

Koronatilfelle knytt til Knarvik barneskule

Elevane på 4. og 6. trinn på Knarvik barneskule startar neste veke på heimeskule.
Publisert: 29.11.2020
Sist endra: 29.11.2020

Elevane på 6. trinn er i karantene til og med måndag 7. desember. Elevane i 4. trinn er i første omgang i karantene til og med tysdag 1. desember.

Avventar smittesporing

– To personar knytt til skulen er testa for korona. Personen knytt til 6. trinn har fått påvist viruset, den andre knytt til 4. trinn er eit sannsynleg tilfelle. Vi har valt å ha heimeskule for elevane i 4. trinn medan vi ventar på svaret på den siste prøva, fortel rektor Terje Hugo Aarvik.

Rektor har hatt telefonkontakt med alle føresette på begge trinna. Han har i tillegg sendt informasjonsskriv til alle føresette på skulen.

Koronasenteret jobbar med å få oversikt over situasjonen og teste dei nærkontaktane som skal testast.

Testar ikkje barn

­– Nye retningslinjer frå Folkehelseinstituttet gjer at vi no som hovudregel berre testar vaksne og barn over ungdomsskulealder. Det betyr at dei fleste barn som er nærkontaktar på Knarvik barneskule ikkje blir testa, om dei ikkje har symptom, seier assisterande kommuneoverlege Kjetil Lorentsen.

I tida framover er det viktig at alle med feber, vondt i halsen, hoste, tung pust, hodepine, slappheit og nedsett lukte- eller smakssans blir vurdert for test. Dette gjeld alle, også dei som er i karantene eller på heimeskule. Alle som treng helsehjelp må ta kontakt med lege.

 

Lorentsen ber dei som kan om å ikkje ringe koronatelefonen, men ta kontakt via det elektroniske skjemaet på nettsida til kommunen