Koronavaksine til alle over 65 år

I byrjinga av september kan dei som er over 65 år i Alver få ny oppfriskingsdose i Nordhordlandshallen.
Publisert: 30.08.2022
Sist endra: 30.08.2022

Folkehelseinstituttet anbefaler alle personar som er 65 år eller eldre (født i 1957 eller tidlegare), å ta ein ny oppfriskingsdose med koronavaksinen. For dei fleste blir dette den andre oppfriskingsdosen.

Vaksinedagane i Nordhordlandshallen blir følgande i veke 36:

  • 6. september
  • 7. september
  • 8. september

Trykk her for å bestille time.

Treng du hjelp til å bestille time, kan du ringe koronasenteret på 56 37 59 00.

Viktig at flest mogleg tar oppfriskingsdose

Det er usikkert kor tidleg ei eventuell haustbølge treff oss og kor kraftig den blir. Men oppfordringa frå Folkehelseinstituttet er klar, ifølgje kommuneoverlege i Alver, Terese Folgerø.

– Vi må kome i gang med vaksinering av gruppa 65 til 74 år så raskt som mogleg. Difor set vi opp tre vaksinedagar i Nordhordlandshallen tidleg i september. Vi håpar at flest mogleg nyttar sjansen til å få ny oppfriskingsdose då, seier Folgerø.

Vaksineringa av gruppa 75 år og eldre og sjukeheimsbebuarar starta kommunen med 1. juli.

– Er du over 75 år og enno ikkje har tatt ny oppfriskingsdose, så er du sjølvsagt velkommen til vaksinedagane i Nordhordlandshallen, presiserer kommuneoverlegen.

Vaksine på apotek

Viss det ikkje passar for deg å møte til vaksinering i veke 36, kan du bestille time på eitt av apoteka i kommunen som tilbyr koronavaksine.

Trykk her for meir info om koronavaksineringa i Alver.