HeimNyheiterNy utstilling av kunst

Ny utstilling av kunst

Tek du turen innom innbyggjarservice i Knarvik senter, kan du no sjå utstilling signert Jannicke Waldersnes Baug.
Publisert: 29.04.2022
Sist endra: 29.04.2022

Waldersnes Baug frå Manger, avsluttar i desse dagar ei to-årig biletkunstutdanning ved Nydalen Kunstskole.

– Mi kunstneriske reise er ganske kort. Eg starta å måle i mai 2020 under pandemien då dagane vart annleis og eg trengte noko anna å gjere. Lite ante eg som utdanna akademikar og som nærast ikkje hadde teikna eller måla tidlegare, at eg skulle finne så stor skaparglede gjennom måling, seier den lokale kunstnaren. 

Etter kvart som ho har etablert seg som kunstnar, er det mellom anna menneskemøter og personlege historiar som gir inspirasjon til måleria. 

– Kunsten er basert på følelsar, positurar og utrykk. Fargebruk og penselstrøk er med vilje dristig og med synleg tekstur. Eg ønskjer å skape emosjonell kunst som fortel ei historie som forhåpentlegvis kan få folk til å sjå, tenke og føle det eg ønskjer å formidle, seier Waldersnes Baug.