HeimNyheiterKva skal den nye fleirbrukshallen i Alversund heite?

Kva skal den nye fleirbrukshallen i Alversund heite?

I løpet av hausten 2021 opnar nye Alversund skule og fleirbrukshall – men kva skal hallen heite?

Fleirbrukshallen blir ein arena for aktive innbyggjarar i alle aldrar. I tillegg til ein stor hall med tribune og garderobeanlegg, vil fleirbrukshallen innehalde:

  • Basishall (turnhall med fastmontert utstyr)
  • Kiosk
  • Vrimleareal

Kriterier for namneforslaga

  • Namnet bør ha lokal forankring
  • Namnet bør følgje norsk rettskriving
  • Namnet bør vere på nynorsk

Slik kan du delta

Klikk her for å skrive inn forslag og bli med i konkurransen.

Frist for å delta i konkurransen

Siste frist for å komme med innspel er måndag 15. mars 2021.

Juryen

Endeleg namn vert avgjort av ein jury i løpet av mars 2021.

Juryen består av:

  • Ordførar Sara Sekkingstad
  • Representantar frå idretten
    • Alvidra
    • Idrettsrådet
    • Idrettsavdelinga/kultur i Alver kommune
    • Representant frå ungdomsrådet
    • Kulturrådet

Juryen kan gjere justeringar på det endelege namnet. Kvar person kan max komme med tre forslag i konkurransen.

Premie

Som takk for at de kjem med forslag, vert det trekt ein tilfeldig vinnar blant alle forslagsstillarane. Juryen tar direkte kontakt med vinnaren.

Vinnaren får eit gåvekort på Knarvik Senter på 500 kroner.

Lurer du på noko?

Ta kontakt med prosjektleiar Inger Marie Jordal: inger.marie.jordal@alver.kommune.no

 

Illustrasjon av den nye skulen og fleirbrukshallen i Alversund.


Sist oppdatert: 25.02.2021
Publisert: 24.02.2021