HeimNyheiterLedig fotpleiesalong ved Knarvik sjukeheim

Ledig fotpleiesalong ved Knarvik sjukeheim

No leiger vi ut salong til drift av fotterapi og fotpleie ved Knarvik sjukeheim.
Publisert: 22.04.2021
Sist endra: 22.04.2021

Leigetakar skal:

  • Drive verksemda etter faglege og etiske retningsliner i hht gjeldande bransjestandard
  • Følgje dei til kvar tid gjeldande reglar for smittevern ved institusjonen og i Alver kommune
  • Nytte eiget utstyr og forbruksmateriell til behandling
  • Sterilisere utstyr som er nytta i behandling.
  • Metode/apparat for sterilisering må være godkjent i hht bransjestandard
  • Leigetaker skal nytte institusjonen sine handdukar og arbeidsantrekk og følgje institusjonens rutinar. Kostnad for bruk av utstyr inngår i leigepris.
  • Leggje særleg til rette for at personar som er innlagde på sjukeheimen kan få tilpassa tilbod om fotpleie/fotterapi
  • Ikkje gjere bygningsmessige tiltak i salong utan at dette er avklart og godkjent av byggeigar
  • Må sjølv ta kostnadane ved fakturering / sending av faktura.

Opningstider og avgrensingar for bruk av lokalet:

  • Avtalen gjeld for drift av tilbod om fotpleie/fotterapi i salong ved Knarvik sjukeheim
  • Lokalet vert og nytta til frisørtilbod 1 dag pr veke. Lokalet er dermed disponiblet for fotpleiar/fotterapeut 4 dagar pr veke. Frisør og aktuell fotpleiar må tilpasse seg kvarandre si drift.

Leigepris:

(inkluderer bruk av institusjonen sine handdukar og arbeidsantrekk)
Kr 2000 pr mnd

Avtaleperiode:

Avtalen gjeld frå 01.05.21 og har ein varighet på 3 år. Gjensidig oppseiing på 2 månader.

Kontaktperson:

Hildegunn Hopland Hansen,
E-post: hildegunn-hopland.hansen@alver.kommune.no
Tlf: 40 91 08 83

søknadsfrist 12. mai