HeimNyheiterLite vatn på Holsnøy

Lite vatn på Holsnøy

Finværet gjer at Alver kommune ber innbyggjarar som bur på Holsnøy om å bruke mindre vatn.
Publisert: 27.08.2021
Sist endra: 27.08.2021

– Vi ber innbyggjarane på Holsnøy om litt hjelp no, slik at vi slepper å innføre vatningsforbod, seier tenesteleiar for drift og vedlikehald, Kjetil Spurkeland.

Varmt og fint vær over tid, gjer at det er vassnivået i vasskjelda Kvernavatnet er faretruande lågt.

– Vi treng nedbør før vi kan opne opp for normalt bruk, forklarar Spurkeland og legg til:

– Diverre – og heldigvis – er det meldt fint vær så langt auge kan sjå i tida framover. Det godt med fin seinsommar, men nett no hadde vi trengt litt påfyll av magasinet vårt på Holsnøy.

Han ber folk om å følgje med på værmeldingane og nettsida til kommunen, og halde seg oppdatert på kva råd som gjeld.