HeimNyheiterLokal høyring - Klagesak Selfallet/Seglfaldet/Seglfallet

Lokal høyring - Klagesak Selfallet/Seglfaldet/Seglfallet

 Kartverket sender no klagesaka ut på lokal høyring, jf. § 8 i lov om stadnamn. Frist for å koma med innspel er 8. mai.

Lokal høyring - Oppstart av klagesak 2022/113, 114 og 115 - opphavleg namnesak 2020/551 -Selfallet/Seglfallet/Seglfaldet

Saka gjeld fylgjande namn med variantar av skrivemåtar:

  • Selfallet/Seglfallet/Seglfaldet (nes i sjø ved Mangersvågen)
  • Selfallet/Seglfallet/Seglfaldet (bruk 445/7 ved Mangersvågen)
  • Selfallet/ Seglfallet/Seglfaldet (li ved Haugland)

For fleire opplysningar om namna, sjå innsynsløysinga for SSR: http://norgeskart.no/ssr/.

Innspel eller opplysningar skal innan sendast til Alver kommune, Postboks 4, 5906 Frekhaug eller på  e-post: post@alver.kommune.no. Merk innspel med «Sak 22/3077 – Høyring klagesak 2022/113, 114, 115». Frist for å koma med innspel er 8. mai. 

Lokal høyring

Kartverket har vedtaksrett for skrivemåten av m.a. naturnamn, nedervde gards-og bruksnamn, seternamn og statlege anlegg. Før det ver gjort vedtak, har kommunen rett til å uttala seg. Eigarar og festarar har rett til å uttala seg om gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttala seg om skrivemåten av namn som dei har serlig tilknyting til. Saker som gjeld bruksnamn, skal eigarane få tilsende direkte frå kommunen. Det går fram av lista ovanfor kva bruk dette gjeld.

Etter lova skal skrivemåten fastsetjast med utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen av namnet. Difor bed me om at alle som uttalar seg, opplyser kva som er den lokale dialektuttalen. Dersom namnet vert uttalt på ulike måtar, bed me om å få opplystdei forskjellige uttaleformene

Meir informasjon

Oppstart av klagesak 2022/113, 114 og 115 - opphavleg namnesak 2020/551 -Selfallet/Seglfallet/Seglfaldet -Alver kommune

Klage frå Selfallet Vel

Presisering av namneynskje

Vedtak i namnesak 2020/551


Sist oppdatert: 11.04.2022
Publisert: 08.04.2022