HeimNyheiterNye tiltak for innbyggjarar i Alver

Nye tiltak for innbyggjarar i Alver

Oppdatert 6. november: Alver kommune har ilag med Bergen og kommunane rundt laga ei felles tiltakspakke som skal bremse smitteutviklinga i regionen.
Publisert: 06.11.2020
Sist endra: 06.11.2020

Alle tiltaka blir nedfelt i ei lokal forskrift, som skal gjelde frå og med lørdag 7. november til og med måndag 23. november.

Hovudrådet til alle er å halde seg mest mogleg heime. Målet med tiltaka er å bremse smitteutviklinga og i størst mogleg grad skjerme barn og unge under 20 år.

Så mange kan vi vere ilag

  • Det er ikkje lov å samle fleire enn 5 personar heime - dette inkluderer dei som bur i husstanden. Det er sjølvsagt unntak for familiar der fleire enn 5 bur ilag. Det er også unntak for kohortar for barn i barnehage og barneskule. Barn i familiar med delt omsorg/ansvar kan framleis vere hos begge foreldre/føresette.
  • Det er lov å samle inntil 20 personar på private og offentlege arrangement på offentlege plassar - med faste sitjeplassar. Det er unntak for gravferder – der kan vi samle inntil 50 personar. 
  • Arrangement utan faste sitjeplassar er forbode.

Reduserte aktivitetstilbod

  • Breiddeidrett og fritidsaktivitetar for vaksne over 20 år er forbode og må ta ein pause. 
  • Treningssenter, idrettshallar, symjehallar og lokale med tilsvarande aktivitet skal vere stengde. Dette gjeld ikkje for organisert trening for barn og unge eller undervisning til barn og unge under 20 år. Forskrifta gjeld heller ikkje individuell fysikals trening.
  • Det er lov med trening for barn og unge under 20 år, men arrangement som kampar, cupar og turneringar må avlysast eller utsetjast.
  • Bingohallar, museum og liknande tilbod skal vere stengde.
  • Bibliotek er stengt for aktivitetar og opphald, men det er mogleg å låne og levere bøker. 

Handling på butikkar og kjøpesenter

  • Butikkar, kjøpesenter og liknande må sørgje for at det er mogleg for alle som er i lokala å halde 2 meter avstand. Kor mange kundar det er lov å vere i kvart lokale kjem an på arealet. Butikkane må sørgje for vakthald, om det er nødvendig for å sikre at alle følgje kravet.

Krav til munnbind

  • Det er krav til munnbind/ansiktsmaske på kollektivtrafikk og innandørs på offentleg stad, der det ikkje er mogleg å halde 1 meter avstand. Det er i tillegg krav til munnbind for både sjåførar og passasjerar i taxi.
  • Alle skal bruke munnbind på skjenke- og serveringsstader som restaurantar, kafear og kantinar når dei beveger seg rundt i lokale og det ikkje er mogleg å halde 1 meter avstand.

Tidlegare stenging av serveringsstader

  • Skjenkestader, restaurantar, kafear, kantinar og andre serveringsstader skal stengje seinest klokka 22.00. Skjenking skal stoppe frå klokka 21.30. Kravet gjeld ikke takeaway-stader.

Heimekontor og videregåande skular

  • Det er krav om heimekontor for alle som kan ha det.
  • Det er påbod om digital undervisning på høgskule og universitet.
  • Det er raudt nivå og heimeskule på vidaregåande skular

Opne skular, barnehagar og institusjonar

  • Skular og barnehagar skal vere opne – på gult nivå.
  • Alver held fram med besøkskontroll (ikkje besøksrestriksjonar) på sjukeheimar og andre helse- og omsorgsinstitusjonar.