HeimNyheiterMilitærøving ved Skjelanger fort

Militærøving ved Skjelanger fort

Om lag 100 personar skal delta på militærøvinga, som varar frå 28. november til 2. desember.
Publisert: 25.11.2022
Sist endra: 25.11.2022

Kven?

FHS Sjøkrigsskolen har ei årleg øving på Skjelanger kystfort i samband med utdanning av offiserar og befal til Sjøforsvaret.

Kor og når?

Øvinga foregår på Skjelanger kystfort og kystområda rundt i perioden måndag 28. november til og med fredag 2. desember 2022.

Korleis kan du merke øvinga?

Om lag 100 personar skal delta på øvinga. Elevane skal halde til på Skjelanger kystfort. I tillegg vil ein del markørar vere utplassert i kystområda rundt Skjelanger.

Øvinga vil bli gjennomført med om lag 10 småbåtar og marinefartøya KNM Olav Tryggvasson og KNM Hitra.