HeimNyheiterNærkontakt på 9. trinn på Knarvik ungdomsskule med positivt prøvesvar

Nærkontakt på 9. trinn på Knarvik ungdomsskule med positivt prøvesvar

Tysdag kveld 13. april fekk Alver kommune melding om eit positivt prøvesvar hos ein nærkontakt.
Publisert: 14.04.2021
Sist endra: 14.04.2021

Det nye smittetilfellet er knytt til 9. trinn Knarvik ungdomsskule, og var difor i karantene då prøven vart tatt. Nærkontaktane til det nye tilfellet var allereie i karantene.

– Vi har funne ein sannsynleg samanheng mellom dei fire tilfella vi har fått melding om sidan søndag 11. april, fortel kommuneoverlege Terese Folgerø.

Koronasenteret jobbar vidare med smittesporing og testing. I smittesporing er det forventa at ein finn nokre positive tilfelle blant nærkonaktar.

– Ein av dei fire prøvane har blitt sjekka og fått treff på den britiske muterte varianten. Det er denne varianten av koronavirus som er dominerande for tida. Vi handsamar difor alle tilfelle som om dei er tilfelle av britisk mutert koronavirus, fortel kommuneoverlegen.