HeimNyheiterNasjonale tiltak frå måndag 22. februar

Nasjonale tiltak frå måndag 22. februar

Kjøpesenter og varehus opnar på måndag. Ordførar Sara Hamre Sekkingstad oppmodar om at alle held fram det gode arbeidet med avstand og handhygiene.
Publisert: 19.02.2021
Sist endra: 19.02.2021

I dag endrar regjeringa vedtaket om dei ekstra strenge koronatiltaka til Alver og dei andre kommunane i Bergensregionen.

Tiltaka Alver kommune har no skal gjelde til og med søndag 21. februar. Frå måndag 22. februar skal innbyggjarar og næringsliv i Alver følgje dei nasjonale smittevernreglane.

– Det betyr at kjøpesenter og varehus kan opne frå måndag, seier ordførar Sara Hamre Sekkingstad.

Ho takkar alle for ekstrainnsatsen og er nok ein gong imponert over innbyggjarar og næringsliv i kommunen.

– Dei strenge tiltaka vi har hatt dei to siste vekene har vist god effekt. Målet var å hindre ukontrollerte utbrot av dei muterte virusvariantane. Det har vi klart, seier ordføraren og legg til:

– Eg forstår at folk lengtar mot sommar og betre tider, men det er viktig at vi held fram det gode arbeidet. Dei muterte virusvariantane som er i samfunnet vårt no, krev at vi er nøye med smittevernreglane også i fortsetjinga.

Byggjeplassforskrifta gjeld framleis, i første omgang til og med 28. februar.