HeimNyheiterNo kan du søkje barnehageplass

No kan du søkje barnehageplass

Søknadsfristen til hovudopptaket til barnehageplass er 1. mars.
Publisert: 25.01.2021
Sist endra: 26.01.2021

Vi gjer merksame på at:

  • Ventelista vert overført til hovudopptaket. Du treng difor ikkje sende inn ny søknad.
  • Dersom du vil endre på søknaden eller forlate ventelista må dette gjerast innan 1. mars.
  • Etter dette er søknaden låst for endring.
  • Har du tidlegare registrert ein søknad om barnehageplass, men når du logger deg på Vigilo får du ikkje opp barnet eller søknaden? Ta kontakt med kommunen så vi får opne tilgangen din.

Alver kommune nytter Vigilo barnehageopptaksystem.

Trykk her for meir informasjon om barnehageopptaket og link til Vigilo barnehageopptak på kommunen 

For å ha rett til barnehageplass må du:

  • bu i kommunen
  • søkje barnehageplass innan fristen for hovudopptaket 1. mars

Dersom barnet ditt fyllet eitt år i august, september, oktober eller november har du rett på plass den månaden barnet ditt fyller år.

Hovudopptaket skjer i perioden frå mars til juni. I denne perioden kan du ikkje endre på søknaden.

Kommunen skal prioritere å gi plass til følgjande barn i hovudopptaket:

  • Barn med nedsett funksjonsevne.
  • Barn med vedtak etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd.

Søkjer du plass til eit barn med rett til prioritet?

Hugs å sende dokumentasjon til kommunen innan søknadsfristen 1. mars.
Adressa er:

Alver kommune, Oppvekst
Postboks 4
5906 Frekhaug

Frå 1. januar 2021 kostar ein full barnehageplass 3.230 kroner per månad. Matpengar kjem i tillegg.

Redusert betaling og søskenmoderasjon

Du kan få redusert pris dersom du har fleire barn i barnehagen(søskenmoderasjon) eller har låg inntekt.
På heimesida til Alver kommune finn du informasjon om reglane for redusert foreldrebetaling i barnehage.

Trykk her for meir informasjon om redusert betaling og søskenmoderasjon

Illustrasjonsfoto av barnehagetilsette