HeimNyheiterNo kan du søkje koronastøtte til næringslivet

No kan du søkje koronastøtte til næringslivet

Alver kommune har fått tildelt kroner 6 040 475 som skal fordelast vidare til lokalt næringsliv som er råka av smitteverntiltak.
Publisert: 13.04.2021
Sist endra: 13.04.2021

Kommunalt kompensasjonsfond

Føremålet med tilskotet er å setje kommunane betre i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt råka av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.
Ordninga skal også fungere som ei kommunal ventilordning for å kompensere lokale verksemder som fell heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Kommunane skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er ramma av strenge smitteverntiltak. Dette gjeld særleg:

  • stønad som kompenserer for kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging
  • stønad til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane
  • stønad for andre verksemder som av ulike grunner fell utanfor generelle kompensasjonsordningar

Kven kan søkje?

Kompensasjonsordninga skal gjelde for alle verksemder i Alver kommune som er råka av smitteverntiltak.

Kva kan midlane nyttast til?

Ordninga skal nyttast innanfor to område:

  • Dekke faste kostnader, det kan til dømes gjelde løn, husleige, straum, forsikring og andre løpande utgifter.
  • Dokumentert fall i omsetnad i 2020 og 2021. Her må verksemdene leggje fram relevant dokumentasjon for å synleggjere omsetnadssvikt

Nivået på stønaden heng saman med tal søkjarar. Om det er mange søknadar innafor kriteria, kan det bli ein sjablongmessig reduksjon av kompensasjonsbeløp.

Krav til søknad:

  • Stønaden vert gjeve etter reglane for bagatellmessig stønad. Søkjarar må stadfeste at dei samla over tre rekneskapsår ikkje har motteke offentleg stønad på meir enn 200.000 Euro.
  • Skatteattest skal ligge ved søknaden.
  • For å få stønad må verksemdene vere registrert før 12. mars 2020 og ikkje vere under konkursbehandling eller avvikling.
  • Vidare må verksemder drive lovleg og ha betalt skattar, avgifter og forskotstrekk.

Korleis søkje?

Søknad via regionalforvaltning.no, søknadsfristen er 1. mai 2021

Trykk her for regionalforvaltning.no