HeimNyheiterAlle kan søkje om tilskot til trafikktryggingsaktiviteter

Alle kan søkje om tilskot til trafikktryggingsaktiviteter

1,4 millionar blei delt ut første halvår av 2021, men fylkeskommunen har enda meir å dele ut.
Publisert: 17.08.2021
Sist endra: 17.08.2021

Kommunar, skular og barnehagar, FAU, lag og foreiningar, organisasjonar, institusjonar og aksjonsgrupper kan søke om tilskot til trafikktryggingsarbeid. To gonger i året deler Vestland fylkeskommune ut midlar. Neste frist er 1. september.

– Du kan få tilskot til haldningsskapande tiltak, informasjonstiltak, opplæringstiltak, arrangement, kampanjar, aksjonar og prosjekt og anna som bidreg til å tryggje trafikk og trafikantar, seier Eva Vinjevoll, rådgjevar i Vestland fylkeskommune.

Ordninga gjeld ikkje fysiske tiltak, men alle aktivitetar som bidrar til tryggare trafikk og trafikantar blir vurderte.

Vaffelaksjon

Våren 2021 delte trafikktryggingsutvalet ut 1,4 millionar kroner til 35 ulike arrangement og aktivitetar. Mellom dei 35 ulike arrangementa og aktivitetane var førstehjelp ved trafikkulukker, «Sykkelkids», russen sin dag og bilførar 65+, noko av det som fekk støtte.

Lågterskelaksjonar er det mange av i løpet av eit år. Mange skular søkjer om nokre tusen til enkle innkjøp. Det kan til dømes vere ein refleksaksjon.

– Nokon søkte om 300 kroner til innkjøp av vaflar for å arrangere ein positiv trafikkaksjon, med utdeling av refleks og vaflar, og ei påminning om å køyre forsiktig. Det fekk dei innvilga, seier Vinjevoll.

Borna på bildet har gjennomført ei praktisk og teoretisk sykkelopplæring med «Sykkelkids». Dette er ein måte å gjere skuleborn trygge på sykkel i trafikken

Tekst: Silje Christine Alvsaker, kommunikasjonsrådgjevar, Vestland fylkeskommune
Foto: Mads Oliver Oftshus/"Sykkelkids"