HeimNyheiterNo kan du søkje tilskot for inkludering av barn i låginntektsfamiliar

No kan du søkje tilskot for inkludering av barn i låginntektsfamiliar

Målet med ordninga er å dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og unge.
Publisert: 12.11.2020
Sist endra: 12.11.2020

Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for at fleire barn og unge skal få delta på viktige sosiale aktivitetar, som ferie og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra sin økonomiske situasjon.

Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan no søkje støtte til to nye tiltakstypar:

  1. utprøving av metodar/arbeidsmodellar for å inkludera barn og unge som er berørt av fattigdomsproblem.
  2. koordinering av samarbeidet mellom tenester, samt tilrettelegging og organisering av samarbeid mellom kommunen, frivillig og privat sektor, med mål om auka aktivitet for målgruppa.

Søknadsfristen er fredag 4.desember.

Trykk her for å lese meir om kven som kan søke og søkndasskjema 

Trykk her for søknadsskjema

Kontaktperson:

Katarina Birkeland
avdelingsleiar for ungdom, fritid og medverknad
E-post: katarina.birkeland@alver.kommune.no