HeimNyheiterNordhordlandspakken - informasjon om innkrevjing av bompengar

Nordhordlandspakken - informasjon om innkrevjing av bompengar

Utan Autopass-avtale

Om du ikkje skaffar deg Autopass-avtale, og får brikke i bilen din, så vil du betala full takst for passeringane. Dette er 20 kroner for kjøretøy opp til 3500 kilo, og 32 kroner for kjøretøy over 3500 kilo.

Med Autopass-avtale

Skaffar du deg Autopass-avtale og får brikke på plass i bilen, får du 20 prosent rabatt på passeringane. Prisen vert då 16 kroner per passering for kjøretøy under 3500 kilo.

Månadleg tak

Det er også eit månadleg tak for kor mykje du må betala, dersom du har Autopass-avtale og brikke i bilen. For kvart kjøretøy skal det betalast for maksimalt 50 passeringar kvar kalendermånad, altså (16 kroner x 50 passeringar) 800 kroner for kjøretøy under 3500 kilo.

Det er betaling begge vegar ved kvart punkt der det er bom. Dersom du brukar bilen til og frå jobb med passering av ein bom, vil du dermed på ein vanleg månad få over 40 passeringar berre i jobbreiser.

Timesregel

Nordhordlandspakken har elles timesregel, slik at du berre betalar for ei passering dersom du passerer fleire bommar innanfor 60 minutt.

El-bilar

El-bilar med Autopass-avtale får halv takst i Nordhordlandspakken. Ei passering kostar 8 kroner, og månadssum blir maksimalt 400 kroner.

Motorsyklar passerer gratis, det gjer også ATV registrert som firhjuls motorsykkel.

Innkrevjinga startar 1. desember 2019

Innkrevjinga startar altså 1. desember 2019, og det er meint at ein skal betala i 12 år framover. Har du ikkje skaffa deg Autopass-avtale og brikke er det på tide å ordna dette no, logg deg inn på www.ferde.noHar du allereie brikke for bomringen i Bergen treng du ikkje gjera noko.. 

Du kan lesa meir om vegpakken og prosjekta hjå Statens vegvesen, der finn du også spørmål og svar og faktaark om bompengar i Nordhordland. 

Nordhordlandspakken omfattar prosjekt i kommunane Fedje, Austrheim, Lindås, Modalen, Radøy, Masfjorden og Meland


Sist oppdatert: 30.10.2019
Publisert: 29.10.2019