Ny kunstutstilling på innbyggjarservice
Ingrid Sofie Eikefet kjem frå Alversund og er nyutdanna kunstnar frå Einar Granum kunstfagskule.
- Eg vaks opp med mykje natur rundt meg. Vi budde like ved skogen og var også ein god del ved sjøen då eg var liten. Her såg eg spennande formar og figurar som såg ut som mystiske vesen frå eventyr. Dette har inspirert meg til å lage mange av bileta i denne utstillinga, fortel ho.
I tillegg til naturmystikk og eventyrvesen så er Eikefet inspirert av gamle kart. Dette kan ein kan sjå i det største måleriet hennar som er av Vestlandet. Her har ho henta inspirasjon frå det gamle sjøkartet Carta Marina (Olaus Magnus, 1539) som det var ein kopi av på veggen i barndomsheimen. Det originale kartet synar sjøuhyre i Nordsjøen, men i Eikefet sitt kart har sjøuhyra fått nye heimfjordar på Vestlandet som Sognefjorden og Osterfjorden. Sjøuhyra er i tillegg utstilt som eigne maleri med tilhøyrande fjordnamn.
Utstillinga til Ingrid Sofie Eikefet er å sjå hjå Innbyggjarservice i Knarvik senter no i juni.