Ny oppfriskingsdose med oppdatert koronavaksine

Vi inviterer alle som er fødd i 1957 eller tidlegare til drop-in vaksinering i Nordhordlandshallen.
Publisert: 08.09.2022
Sist endra: 08.09.2022

Tidspunkt for vaksinering er: 

  • Søndag 18. september, klokka 12 til 20 (for gruppa 75 år og eldre)
  • Måndag 19. september, klokka 9 til 17 (for gruppa 65 – 75 år)
  • Tysdag 20. september, klokka 9 til 17 (for gruppa 65 – 75 år)

Dersom dagen som gjeld di aldersgruppe ikkje passar for deg, kan du kome ein av dei andre dagane.

Folkehelseinstituttet anbefaler alle personar som er 65 år eller eldre (fødd i 1957 eller tidlegare), å ta ein ny oppfriskingsdose med koronavaksinen. Dette er den 2. oppfriskingsdosen og vil for dei fleste vere den 4. dosen med koronavaksine totalt.

Ny og oppdatert vaksine

– Vi vaksinerer med ny og oppdatert vaksine som er betre tilpassa variantane av koronaviruset som sirkulerer no, seier kommuneoverlege Terese Folgerø.

Dersom du ønsker, kan du velje å ta vaksinen som er brukt til no, men då må du bestille time på eitt av apoteka i kommunen som vaksinerer.

– Har du alt tatt den 2. oppfriskingsdosen, skal du ikkje ha endå ein ny dose. Du har då allereie fått styrka immunitet mot alvorleg sjukdom.