HeimNyheiterNy smitta knytt til Knarvik ungdomsskule

Ny smitta knytt til Knarvik ungdomsskule

Koronasenteret til Alver kommune har testa fleire personar på skulen etter det første smittetilfellet søndag 11. april. I dag, måndag 12. april, fekk kommunen melding om at ein ny har testa positivt.

Det blir i første omgang heimeskule for alle til og med onsdag. Dei som er i karantene skal ha heimeskule i heile karantenetida.

– Det er framleis ein del prøvar vi ikkje har fått svar på. Så det er viktig at alle elevane held seg heime og har minst mogleg kontakt med andre til vi får oversikt over situasjonen, fortel rektor Morten Olsen Schulstad.

Totalt er 65 elevar og 8 tilsette i karantene. Rektor har informert elevar, føresette og tilsette på skulen om situasjonen, og lovar oppdatert informasjon om undervisninga vil skje digitalt eller på skulen etter onsdag for dei som ikkje er i karantene.

Trykk her for å gå til sida med status på smittesituasjonen i Alver kommune.


Sist oppdatert: 12.04.2021
Publisert: 12.04.2021