HeimNyheiterNy utstilling av kunst

Ny utstilling av kunst

Wenche Bergitte Bettum vart født i Bergen i 1943. Dei siste 18 åra har ho drive med måleri. Bettum målar med både akryl og akvarell og har delteke på om lag 20 kurs i ulike måleteknikkar. Bettum har vore to gongar på målesafari i Botswana, kor ho plukka opp mykje inspirasjon for sine måleri. I tillegg har Bettum gått tre år hos Gerd Frantzen maleskole i Bergen, der ho fordjupa seg i akt, portrett, abstrakt og figurativ måling. Til utstillinga på kundesenteret har Bettum med ein serie måleri som omhandlar vikingtida. Etter å ha vore mykje i sumarhuset ho hadde på Seim, vart ho inspirert av historia om Håkon den gode og Håkonshaugen som låg like ved. Kongsgarden låg på Seim og i følgje historia skal Håkon den gode vere gravlagd der.

 

Gørild Agnethe Konradsen Myksvoll kjem frå Senja i Nord-Noreg, men flytta til Oslo som tenåring. Der var ho i 12 år før ho enda opp i Bergen.

Myksvoll har gått formgjevingsfag og teikning, form og farge og har alltid vore glad i å teikne. Ho lagar bilete i både akvarell, akryl, pastell, olje, gouache og monoprint. Myksvoll liker å eksperimentere med sitt kunstnariske uttrykk, men fell alltid attende til sin melankolske «bigeye» og popsurrealistiske stil. Myksvoll hentar sin inspirasjon frå familien, dyr, gamle foto, andre kunstnarar som Mark Ryden, Margareth Keane, Michelangelo, Bronzini, Rossetti, Art Decoens Lempicka og mange fleir.

 

Cathrine Fransiska Hagesæter bur på Frekhaug i Alver kommune. Hagesæter er keramikar og forfattar av barnebøker. Ho kombinerer gjerne bøker og keramikk og får slik halde på med dei to tinga ho liker best. Hagesæter har ein verkstad i garasjen sin, kor ho lagar masker, troll, små hus, figurar og mykje anna i keramikk. Ho liker å gå på tur i skogen og hentar av inspirasjonen til kunsten sin på tur. Til utstillinga på kundesenteret har Hagesæter med masker i keramikk og keramikkfigurar montert på rekved.


Sist oppdatert: 24.03.2021
Publisert: 24.03.2021