Nyopning av BUA Manger
I samband med aksjonen Sykle til jobben, blir dei nye lokala til BUA Manger på kommunehuset på Manger, offisielt opna torsdag 12. mai klokka 17.00-19.00.
Program
- Opning av BUA Manger sine nye lokaler ved ordførar Sara Hamre Sekkingstad
- Enkel servering og utdeling av nyttige smågåver
- Besøk frå brannvesenet med stor bil frå Manger stasjon
- Gratis sykkelverkstad med lokale sykkelreperatørar
Arrangementet er gratis og ope for alle, og er eit samarbeid mellom kommunen og Miljøløftet.
Kva er Sykle til jobben?
Sykle til jobben er ein aktivitetskampanje for alle. Det er gratis å delta og du kan registrere all fysisk aktivitet, både til og frå jobb og på fritida. Aksjonen varer fram til 17. juni.