HeimNyheiterØnskjer du tips til livsstilsendring?

Ønskjer du tips til livsstilsendring?

Vi kan hjelpe deg med: Betre kosthald, fysisk aktivitet, røykeslutt, stressmeistring, få betre søvn og meistring av kronisk sjukdom og belastningar.

Kurskveldar:

  • 20. oktober
  • 3. november
  • 17. november
  • 1. desember

Påmelding

Klikk her og fyll ut skjemaet om du ønskjer å delta på kursrekka.

Påmeldingsfrist er 15. oktober. Hugs at kurset kan bli fullteikna! Det er første mann eller kvinne til mølla!

Om kursrekka i haust

Det kostar 500 kroner å delta på dei fire kurskveldane i Knarvik. Vi serverer lett mat og deler ut informasjonsmateriell.

Kursrekka er for vaksne over 18 år som er busette i Alver, Osterøy, Modalen eller Gulen kommune. Pårørande kan delta på kursa saman med deltakar eller på eiga hand.

Du vil bli invitert inn til ein ein-til-ein-samtale før kursa startar. Sjølve kursrekka er organisert i ei mindre gruppe.

Kva er friskliv og meistring?

Friskliv og meistring er ei kommunal helse- og omsorgsteneste som kan hjelpe deg med å endre levevanar for å få  betre helse og meistre helseutfordringar.

Målet er å fremme betre livsstil og meistring. Kursa skal lære deg korleis meistre kronisk sjukdom og belastningar, gi innsikt i smart mat for betre helse, og andre livsstilsendringar som for eksempel å auke fysisk aktivitet eller kutte røyk/snus.

Lurer du på noko?

Har du spørsmål til opplegget, eller lurer du på om det kan passe for deg?

Ta kontakt med friskliv og meistring på: frisklivogmeistring@alver.kommune.no, eller telefon 409 10 488.


Sist oppdatert: 07.10.2021
Publisert: 07.10.2021