Open hall i haustferien

Det vert arrangert open hall fleire stader i kommunen i løpet av haustferien.
Publisert: 05.10.2022
Sist endra: 05.10.2022

Open hall er eit tilbod for born og ungdom i haustferien.

Måndag er det open hall i Nordhordlandshallen, tysdag i Lindåshallen, onsdag i Alverhallen og torsdag i Radøyhallen.

Det er ope for alle mellom klokka 13.00 og 17.00, mens det er sett av tid til aldersgruppa 8. kl. - 3. vgs. mellom kl. 17.30 til 20.00.

Alle born som er født i 2013 eller seinare må komme i følgje med ein vaksen over 18 år.

Hallane er tilpassa aktivitetar for store og små. Alle hallane har mykje kjekt utstyr, og ein kan oppleve at nokon har ulikt utstyr.

Det er kiosk i Radøyhallen, Lindåshallen og Alverhallen.

Tilbodet er ope for alle. Om du har spørsmål, så kan du ta kontakt med ungalver@alver.kommune.no eller lese meir om Ung Alver her på heimesida.