HeimNyheiterOpningstider i påska

Opningstider i påska

Her finn du opningstidene for ulike tenester i kommunen i påska.
Publisert: 11.04.2022
Sist endra: 19.04.2022

Du kan ringe oss på telefon 56 37 50 00 måndag 11. og tysdag 12. april frå klokka 08.00 til 15.30. Onsdag 13. april er telefonen open til klokka 12.00.

Du kan også besøke oss på innbyggjarservice i Knarvik Senter og på kommunehuset på Manger i same tidsrom.

Resepsjonen i kommunehuset på Frekhaug er stengt heile påskeveka.

Flyktningetenesta

Flyktningtenesta til NAV svarar på telefon 45 83 29 26 måndag 11. april til fredag 15. april frå klokka 10.00 til 14.00.

Koronasenteret

Opningstider i påska:

  • 11-12. april: vanleg opningstid
  • 13. april: ope frå kl. 08.30 - 11.30
  • 14.-18. april: stengt

Skal du hente hurtigtest i påskeveka? Då er du velkommen til innbyggjarservice i Knarvik Senter eller på kommunehuset på Manger, måndag og tysdag mellom 08.00 og 15.30. Onsdag stenger vi klokka 12.

Trykk her for meir informasjon om testing og opningstidene til koronasenteret. 

Byggjesaksvakta

Byggjesaksvakta er open som vanleg måndag 11. april, men held stengt onsdag 13. april.

Radøyhallen

Tysdag 12. april blir siste dag før påske med symjetilbod/offentleg bading i Radøyhallen. 

Trykk her for å sjå faste opningstider. 

Her finn du vakttelefonar og andre telefonnummer.