Oppfriskingsdose til innbyggjarar i risikogrupper

I veke 39 og 40 kan personar i risikogrupper få sin 2. oppfriskingsdose på gamle Alversund skule.
Publisert: 20.09.2022
Sist endra: 20.09.2022

Folkehelseinstituttet anbefaler ny oppfriskingsdose til personar i aldersgruppa 18 til 64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp av koronavirus.

– For dei fleste blir dette den andre oppfriskingsdosen, seier Susanne Rebnord, leiar for koronasenteret i Alver kommune.

Vaksinen som blir brukt er den oppdaterte versjonen av Pfizer.

Trykk her for å bestille time i Helseboka.

Treng du hjelp til å bestille time, kan du ringe koronasenteret på:

56 37 59 00.  

Trykk her for informasjon om risikogrupper.