Oppheving av forbod mot eld

Regnet dei siste dagane gjer at brannsjefen har oppheva det ekstraordinære forbodet.
Publisert: 22.06.2023
Sist endra: 22.06.2023

Brannfaren i terrenget er redusert. Difor opphevar Nordhordland brann og redning det ekstraordinære forbodet mot bruk av eld utandørs i kommunane Alver, Austrheim og Modalen. Opphevinga gjeld frå og med fredag 23. juni klokka 08.00.

Nedbørsmengda den siste tida har dempa brannfaren, men det kan vere store variasjonar i kommunane. Difor er det viktig å ta omsyn til lokale forhold. Nokre stader har det regna lite, her kan terrenget framleis vere ganske tørt.

Brannvesenet ønskjer å takka innbyggarane som har respektert det ekstraordinære forbodet. Det har bidratt til at vi ikkje har fått alvorlege hendingar i området vårt.

Lov med sankthansbål

Du kan brenne sankthansbål, så lenge det er god avstand til bygningar, skogsområde, vegetasjon og anna brennbart materiale.

Hugs å ta omsyn til brannfaren, vindforholda og sørg for at bålet ikkje er større enn at du har kontroll.

Du må ikkje brenne bål eller grille dersom du ikkje kan garantere for branntryggleiken.


Det generelle bålforbodet gjeld framleis

Hugs at det generelle bålforbodet i eller i nærleiken av skog og anna utmark i perioden 15. april til 15. september framleis gjeld.