HeimNyheiterPåbod om munnbind i Alver

Påbod om munnbind i Alver

- Dei nye koronatiltaka innfører vi fordi det er eit stort press på helsetenestene og smittetrykket er høgt i regionen vår, seier Sara Hamre Sekkingstad, ordførar i Alver kommune.

Ho oppfordrar sterkt til at alverbuen finn fram munnbindet allereie no, sjølv om påbodet ikkje trer i kraft før måndag.

- Vi skal ha ein vanleg kvardag med auka beredskap. Difor vil vi no innføre påbod om munnbind. Det er eit enkelt tiltak, som gjer at vi framleis kan halde samfunnet i gang, seier Sekkingstad

Munnbind skal nyttast i butikkar, på kjøpesenter, kollektivtransport og i taxi, der du ikkje klarer å halde minst ein meter avstand til personar utanom husstanden, ut over kortvarige passeringar.

Felles tiltak i Bergensregionen

Fredag har kommuneoverlegen vedtatt ei ny lokal forskrift om både munnbindpåbod og registrering av gjester på serveringsstader.

Askøy, Bergen, Bjørnafjorden, Samnanger, Vaksdal og Øygarden innfører også likelydande forskrifta.

- Vi har god dialog mellom kommunane og stiller oss samla bak dei nye tiltaka. Innføringa av desse tiltaka gjer vi for å prøve å dempe presset på helsetenesta, samt å sikre at vi kan leve så normalt som mogleg.

Dropp handhelsinga

- No er det viktig at alle er med og bidrar slik at vi kan leve så normalt som mogleg. Hald deg heime om du føler deg sjuk, ta koronatest om du får forkjølelsessymptom og takk ja til vaksinene du får tilbod om. Alle over 65 år bør no bestille time til tredje vaksinedose, slik at du er vaksinert før jul, seier Sekkingstad.

I likheit med helseminister Ingvild Kjerkol, oppfordrar også Alver-ordføraren om å bruke smittevenlege helsingar.

- Dropp handtrykket når du vil helse på nokon, nytt heller albogen eller gi eit vennleg nikk når du møter på kjente, seier Sekkingstad.


Sist oppdatert: 22.11.2021
Publisert: 19.11.2021