HeimNyheiterPlanlegg du lyng- og bråtebrenning?

Planlegg du lyng- og bråtebrenning?

Då må du hugse å gi beskjed til Nordhordland brann og redning før du set i gang.
Publisert: 15.03.2022
Sist endra: 15.03.2022

Det er forbod mot å brenne bål eller bråte under forhold som gjer at det kan føre til brann. Skal du brenne bål, lyng eller bråte, må du vere sikker på at det ikkje kan føre til brann. Gå aldri frå oppgjord eld før han er heilt sløkt.

Meld frå om lyng- og bråtebrenning

Ved lyng- og bråtebrenning må du melde i frå om dette via e-post på førehand og på telefon same dag.

Brannsjefen i Nordhordland brann og redning (NHBR) handterer dette for Alver, Austrheim og Modalen kommune.

Meldinga må innehalde:

  • Namn på ansvarleg og telefonnummer
  • Stad for lyng og bråtebrenning, adresse/stadnamn og gjerne kartutsnitt
  • Tidsperiode for brenning
  • Plan for handtering av uhell/ukontrollert spredning

Du må melde i frå minimum 3 arbeidsdagar før planlagt brenning.

Send e-post til: karl.johannes.romarheim@alver.kommune.no
med kopi til: gunn-torhild.ramslien@alver.kommune.no

Same dag som du skal brenne, gi beskjed til Nordhordland brann og redning på vakttelefon: 91 86 12 47

Når er det lov?

I perioden 15. april til 15. september er det forbod mot å gjere opp eld i nærleiken av skog og anna utmark utan å søkje kommunen om lov.

Viss brannfaren er spesielt stor i ein periode, uavhengig av dato, kan kommunen innføre totalforbod mot å brenne bål i bestemte område.

Brenning av avfall er aldri tillate, det må du levere til gjenvinningsstasjon.