Planprogram for kulturmiljøplanen på høyring

8. november 2022 vedtok utval for oppvekst, kunnskap og kultur at Alver kommune skal starta arbeidet med kulturmiljøplanen og leggja planprogrammet ut på høyring og offentleg ettersyn (sak 065/22).

Høyringsutkast til planprogram med vedlegg:

Planprogram for kulturmiljøplanen 

Protokoll frå sak 065/22 i utval for oppvekst, kunnskap og kultur 8. november

Slik kan du koma med innspel

Fristen for å kome med innspel er 8. januar 2023. Du kan levera innspel på følgjande måtar:

  • Send innspelet ditt på e-post til post@alver.kommune.no.
  • Lever innspelet ditt til innbyggjarservice på Knarvik Senter, kommunehuset på Frekhaug eller kommunehuset på Manger.
  • Send innspelet ditt med posten til Alver kommune, postboks 4, 5906 Frekhaug.

Merk innspelet med «Innspel til planprogrammet til kulturmiljøplanen».

Alle innspela vert publisert på postlista til kommunen og vil vera offentleg tilgjengelege som ein del av planarbeidet.

Har du spørsmål?

Har du spørsmål til planprogrammet til kulturmiljøplanen, kan du ta kontakt med rådgjevar kultur Bente Kopperdal Hervik tlf. 99 24 54 69 / e-post: bente.kopperdal.hervik@alver.kommune.no


Sist oppdatert: 10.11.2022
Publisert: 10.11.2022