HeimNyheiterPositiv koronatest ved Meland ungdomsskule

Positiv koronatest ved Meland ungdomsskule

Torsdag 14. januar testa ein person tilknyta Meland ungdomsskule positivt for koronavirus.

- Alle elevar i 9a skal no i karantene. Som følgje av den positive testen blir det heimeskule for elevane i 9a ut neste veke, seier Morten Rosvold, rektor ved Meland ungdomsskule.

Karantenetida gjeld til og med 22. januar. Skuleleiinga har vore i direkte kontakt med alle som må halde seg heime. Skulen har i tillegg informert andre tilsette og føresette på skulen.

No arbeider koronasenteret til Alver kommune med å kartleggje nærkontaktane til personen som har testa positivt.


Sist oppdatert: 14.01.2021
Publisert: 14.01.2021