HeimNyheiterPositive prøvesvar knytt til Alversund skule og Knarvik vgs

Positive prøvesvar knytt til Alversund skule og Knarvik vgs

Onsdag ettermiddag fekk Alver kommune melding om to positive prøvesvar på koronavirus.
Publisert: 29.04.2021
Sist endra: 29.04.2021

Ein av personane som har fått påvist korona er knytt til klasse 5B på Alversund skule. Klassen skal ha heimeskule til og med 6. mai. 19 elevar og 6 tilsette er i karantene til og med torsdag 6. mai. 

Den andre personen som har fått påvist korona er knytt til Knarvik vgs. 28 elevar og 3 lærarar er i karantene til og med måndag 3. mai. 

Koronasenteret jobbar vidare med smittesporing og testing.

Kommuneoverlege Terese Folgerø oppmodar alle om å avgrense sosial kontakt, følgje smittevernreglane og på den måten bidra til å redusere smitten. Ho oppmodar også dei som ikkje lat har gjort det, til å laste ned smittestopp-appen.