HeimNyheiterPostmottak flyttar mellombels til Knarvik

Postmottak flyttar mellombels til Knarvik

Dokumentsenteret vil ikkje kunne oppretthalde normal drift denne dagen, og dei 2 påfølgjande dagane. Du kan likevel sende e-post til postmottak@meland.kommune.no som vanleg, men på grunn av innflytting og installering i nye lokale, samt avvikling av juleferie, må ein rekne med noko lengre tid før du får svar.

Avslutting

Sak-/arkivsystemet til kommunen vert avslutta 20.12.2019, i samband med overgang til Alver kommune. Post til kommunen skal etter denne datoen skannast og journalførast inn i ny database for Alver kommune. Omlegginga vil medføre eit etterslep og lengre saksbehandlingstid enn det som er vanleg. Vi beklagar ulempene dette vil medføre.

Postliste

Det vil ikkje bli kjørt postliste for Meland kommune før all post for kommunen er skanna, journalført og kontrollert. Det vil ta tid, då vi har større etterslep på grunn av avslutting, flytting og avvikling av juleferie.

 

Vår nye besøksadresse er:

Kvassnesvegen 27, 5914 Isdalstø. (Geco- bygget, inngang 1A)

Ta kontakt med resepsjonen i rådhuset, telefon 56 17 10 00 dersom du har spørsmål.


Sist oppdatert: 17.12.2019
Publisert: 11.12.2019