HeimNyheiterProsjektmidlar til kultur og idrett - utvida søknadsfrist

Prosjektmidlar til kultur og idrett - utvida søknadsfrist

Fristen for å søke om prosjektmidlar til kultur og idrett er utsett til 24. april.
Publisert: 11.04.2022
Sist endra: 11.04.2022

Opphaveleg frist er 15. april, men grunna påske er ny søknadsfrist for prosjektmidlar gjennom tilskotsordninga for kultur og idrett 24. april.

Idrettsprosjekt

Ordninga skal støtte prosjekt innan idrettsfeltet, opne arrangement, og innkjøp av utstyr.

Tilskotet er behovsprøvd og kan gjevast som tilskot eller underskotsgaranti. Underskotsgaranti til arrangement skal søkjast i forkant. Einskildutøvarar er ikkje omfatta av ordninga.

Kulturprosjekt

Ordninga skal støtte prosjekt innan kulturfeltet, opne arrangement og innkjøp av utstyr knytt til prosjektet.

Produksjonsstøtte kan gjevast til utøvarar innan kulturfeltet som kan vise til inngått avtale med velrenommerte visningsstadar for kunst, konsertlokale, plateselskap, forlag og liknande. Produksjonsstøtte skal gå til kostnadar ved prosjektet, men ikkje eigen løn.

Tilskot er behovsprøvd og kan eventuelt gjevast som underskotsgaranti. Underskotsgaranti til arrangement skal søkjast i forkant

Trykk her for å lese meir om tilskotsordningane og sende inn søknad.

Vi oppmodar aktuelle søkarar til å sjå gjennom retningslinene før de søkjer. Det er hovudlaget/styret som skal stå for søknaden. 

Viktig

Når det kjem til vedlegg i søknadane er det siste gjeldande dokument du må legge ved. Dette er til dømes budsjett, rekneskap eller årsmelding frå siste godkjende årsmøte.

Desse dokumenta må vere med for at søknaden skal bli handsama. Dette er i tråd med retningslinene: «Ufullstendige søknader, søknader som kjem etter frist, og søknader som fell utanfor retningslinene for ordninga vert ikkje innstilt».

Prosjekt skal som hovudregel vere gjennomført innan eitt år etter tildeling. Det skal sendast inn rapport og rekneskap etter gjennomføring av prosjekttiltaket.

Ny søknad vert ikkje handsama før rapport for tidlegare tildelingar er levert.

Trykk her for å fylle ut sluttrapport prosjekttilskot.

Har du spørsmål? Ta kontakt med:

Lukke til med søkinga!