Redusert drift i helsestasjon- og jordmortenesta i veke 10 og 11
Det betyr at det er færre timeavtalar enn vanleg og det kan ta lenger tid å få svar på telefon og e-post.
Publisert:
28.02.2023
Sist endra:
28.02.2023
Årsaka til redusert drift er at tenesta skal byte fagsystem og journal må førast manuelt i denne perioden.
Kva betyr dette for deg?
Dei som har fått endra avtalane sine har fått direkte beskjed om dette.
Har du har ein avtale i veke 10 eller 11 og ikkje har fått beskjed om at timen er endra? Då møter du som avtalt til oppsett time.
Kva skjer?
Veke 10:
- Redusert drift heile veka. Det betyr at vi har færre timeavtalar enn vanleg på helsestasjonen, i skulehelsetenesta og jordmortenesta.
Veke 11:
- Måndag 13. mars til onsdag 15. mars: Helsestasjonen, skulehelsetenesta og jordmortenesta er stengt då alle tilsette er på opplæring. Ved akutt sjukdom eller behov for legetilsyn gjeld som vanleg; kontakt fastlegen din eller legevakt.
- Torsdag 16. mars og fredag 17. mars: Redusert drift. Det betyr at vi har færre timeavtalar enn vanleg på helsestasjonen, i skulehelsetenesta og jordmortenesta.