Revisjon av kartlegging av friluftsområde i Alver kommune
I 2016/2017 gjennomførte Lindås, Meland og Radøy ei kartlegging og verdisetjing av friluftlivsområda i kommunane. Kartlegginga vart gjort i tråd med rettleiaren M98-2013 Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder.
Det er viktig å ha eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om friluftlivsområda i kommunen til arbeidet med kommuneplanen sin arealdel. Alver kommune går difor gjennom og oppdaterer kartleggingane frå dei tidlegare kommunane.
Den førebelse reviderte kartlegginga er lagt ut på Friluftsliv i Alver kommune (nordhordlandskart.no). Hak av for Friluftsområde Områdetype og/eller Friluftsområde Verdi for å sjå kartlegginga. Klikk på områda i kartet for å få fram informasjon om kvart av områda.
Me ynskjer innspel på følgjande:
- Skildringa av områda
- Er det friluftslivsområde som manglar i kartlegginga?
- Er avgrensinga på dei kartlagde områda rett?
- Er det sett rett verdi på områda (verdien vert sett på bakgrunn av verdikriteria i rettleiaren. Sjå s. 20-23 og s. 36-39)?
Innspel til kartlegginga kan sendast til post@alver.kommune.no eller til Alver kommune, Postboks 4, 5906 Frekhaug. Merk innspelet med «Innspel til kartlegging av friluftslivsområde».
Frist for å koma med innspel er 26. mars.
Har du spørsmål om kartlegginga?
Kontakt rådgjevar kultur Bente K. Hervik tlf. 99245469 eller e-post bente.kopperdal.hervik@alver.kommune.no.