HeimNyheiterSal av material frå lemstove i Alversund

Sal av material frå lemstove i Alversund

Den eldste delen av lemstova er datert til å vere frå 1856-1857.
Publisert: 18.01.2023
Sist endra: 23.01.2023

I samband med bygginga av nye Alversund skule, vart lemstova på gards- og bruksnummer 137/818 demontert. 

Bygningen består av to laftekassar. Den nyaste laftekassen er frå 1916 og kan stort sett gjenbrukas. I den eldste laftekassen må om lag 70% av laftet skiftast ut. I tillegg til laftekassane er det tatt vare på ein god del anna materiell som høyrer til bygningen.

Er dette noko for deg? 

Både lag, organisasjonar, bedrifter og privatpersonar kan søkje om å få overta lemstova.

Salssummen er sett til kr 20.000. 

Felles synfaring

Det er mogleg å delta på ei felles synfaring av materiellet.

  • Tidspunkt: torsdag 02.02.2023 kl. 10.00
  • Adresse: Gamle 3hus, Mykingvegen 538, 5913 Eikangervåg.

Påmelding på e-post til: oddbjorn.hindenes@alver.kommune.no eller ring 90 26 13 36 innan 31.01.2023.

Slik søker du

Skriftleg søknad om å få overta materiellet til lemstova må sendast eller leverast til Alver kommune innan 10.02.2023.

Søknaden må svara ut det som er etterspurt under absolutte krav og andre krav.

Søknad kan sendast på:

Du kan også levera søknad til innbyggjarservice i Knarvik senter, på kommunehuset på Frekhaug eller på Manger.

Søknad må merkast med: Sak 22/8964 Avhending lemstova i Alversund.