HeimNyheiterSeks nye positive prøvesvar – fleire i karantene på Alversund skule og ved Knarvik vgs

Seks nye positive prøvesvar – fleire i karantene på Alversund skule og ved Knarvik vgs

Torsdag ettermiddag og fredag føremiddag fekk Alver kommune melding om at 6 nye har testa positivt på koronavirus. Fem av desse var i karantene på testtidspunktet.
Publisert: 30.04.2021
Sist endra: 01.05.2021

Av dei fem tilfella der personane var i karantene på testtidspunktet, er ein knytt til Alversund skule og ein til Knarvik vidaregåande skule.

På Alversund skule er med det ytterlegare to elevar og åtte tilsette i karantene fram til og med laurdag 8. mai. Frå før er 19 elevar og 6 tilsette i karantene ved skulen etter eit tidlegare smittetilfelle.

Ved Knarvik vidaregåande skule er 30 elevar og 2 lærarar i karantene fram til og med 6. mai.
Koronasenteret jobbar vidare med smittesporing og testing.

Kommuneoverlege Terese Fogerø fortel at vi ser ein aukande smittetrend i Alver kommune no, og at smittesporinga syner at fok har mange nærkontaktar.
- Vi ser også eksempel på at folk har blitt smitta utandørs, fortel ho. Ho minner om to hovudbodskap frå nasjonale retningslinjer:

  • alle bør avgrense sosial kontakt i størst mogleg grad
  • alle arrangement og sosiale samankome, som samlar folk frå ulike kommunar, bør avlysast eller utsetjast.

Kommuneoverlegen oppmodar i tillegg alle til å laste ned smittestopp-appen.

Artikkelen vart endra 1. mai klokka 14.00. I det andre kulepunktet har vi lagt til setninga "som samlar folk frå ulike kommunar". Det er dette som står i dei nasjonale råda om arrangement.

Trykk her for å lese meir om reglane for arrangement på nettsida vår.