HeimNyheiterSkal utarbeide interkommunal plan for sjøareala

Skal utarbeide interkommunal plan for sjøareala

Kommunane varslar no om oppstart av planarbeidet, og det er utarbeidd eit framlegg til planprogram for det vidare planarbeidet.

Det er opna for at ein fram til 10. mai kan kome med innspel til sjølve planprogrammet, og innspel til arealbruk og utnytting for sjøområda i heile planområdet.

Planen skal vere ein arealplan for sjøareala, der heilskapen blir ivaretatt over kommunegrensene. Gjennom planarbeidet skal det utviklast langsiktige rammer for berekraftig arealbruk, forvaltning og verdiskaping i sjøområda. Planen skal munne ut i ein juridisk bindande plan på kommuneplannivå.

Meir informasjon: Varsel om oppstarte av planarbeid for "Interkommunal plan for sjøområda i Nordhordland".

På heimesida til prosjektet (www.regionnordhordland.no), finn ein meir informasjon om prosjektet og høyringa. 


Sist oppdatert: 12.03.2021
Publisert: 12.03.2021