Skuleskyss på farleg skuleveg
Elevar med særleg farleg eller vanskeleg skuleveg kan ha rett til gratis skuleskyss, sjølv om det er kortare enn 4 kilometer til skulen. Sjekk kva trafikksikringsplanen seier om skulevegen til barnet ditt.
Publisert:
13.05.2020
Sist endra:
13.05.2020
Kommuneplanen for trafikksikring 2017-2020 har kartlagt alle skulevegar som er innanfor 4 km frå skulen og delt dei inn i tre kategoriar:
- Vegar som er særleg farlege eller vanskelege for elevar i grunnskulealder. Desse vegane er merka raudt i kartet og gir rett til fri skuleskyss etter søknad.
- Vegar som er trafikkfarlege, men ikkje på ein måte som automatisk gir rett til fri skuleskyss. Søkjer du om fri skuleskyss på ein veg i denne kategorien, må du ha andre grunnar - til dømes alderen, modninga og funksjonsnivået til barnet ditt.
- Vegar som er mindre trafikkfarlege. Normalt får du ikkje fri skuleskyss på ein slik veg.
Trykk her for å laste ned rapporten.
Kven kan søkje om gratis skuleskyss?
- alle elevar i grunnskulealder som har skuleveg langs særleg farlege eller vanskelege skulevegar (kategori 1)
- elevar som har trafikkfarleg skuleveg og treng skuleskyss på grunn av alder, modning eller funksjonsnivå (kategori 2)
- du kan søkje om gratis skuleskyss på særskilt grunnlag og vinterskyss for vegar i kategori 2 og 3
Slik søkjer du
Vi har ikkje eit eige søknadsskjema for slike søknadar, men ber deg om å oppgje følgjande i søknaden:
- namn, fødselsdato, skule, klassetrinn og adressa til eleven
- namn og kontaktinformasjon til føresette
- grunngjeving for søknaden
- eventuell dokumentasjon på særlege tilhøve (obs: ikkje send sensitive opplysningar på e-post)
Søknaden kan du anten levere til skulen eller sende på e-post til Alver kommune på post@alver.kommune.no.