HeimNyheiterSlik blir koronatilbodet i Alver framover

Slik blir koronatilbodet i Alver framover

Det er slutt på rådet om testing, men framleis mogleg å ta koronavaksine.
Publisert: 03.05.2022
Sist endra: 03.05.2022

– Pandemien er ikkje over enno. Vi er inne i ein ny fase der koronasjukdom har blitt ein av fleire sjukdomar i kvardagen vår, seier kommuneoverlege i Alver kommune, Terese Folgerø.

Ho takkar innbyggjarar og tilsette i Alver for ein formidabel innsats dei to siste år.

– Folk har vist ein imponerande endringsvilje, og vore flinke til å følgje dei lokale og nasjonale råda, konkluderer ho.

Tar ikkje PCR-test på koronasenteret

Det er slutt på det nasjonale rådet om testing.

– Koronasenteret endrar difor tilbodet sitt, og vil ikkje lenger ta PCR-testar. Folk som treng PCR-test før dei skal ut og reise, må ta kontakt med ein privat aktør, fortel Folgerø.

Kommunen vil halde fram med å dele ut gratis hurtigtestar på innbyggjarservice til dei som likevel ønskjer å teste seg.

– Vi delar ut gratis hurtigtestar i ein periode framover, men ber ikkje lenger dei med positiv hurtigtest om å melde ifrå til kommunen, seier kommuneoverlegen.

Vaksine til vaksne på apotek

Dei tilsette på koronasenteret vil vere ein del av koronaberedskapen til Alver, som regjeringa har bedt kommunane om å oppretthalde. Kommunane skal ha ein beredskapsplan til og med juni 2023.

Dei tilsette på koronasenteret går i tillegg inn i kommunen sitt team som skal jobbe med flyktningar. Dette teamet får namnet migrasjonshelseteamet og blir lokalisert i Knarvik.

Det blir ingen aktivitet på gamle Alversund skule den neste tida, men lokalet vil også vere ein del av beredskapen til kommunen.

– Det blir framleis mogleg å ta kontakt med koronasenteret på telefon, og vi vil halde fram med å vaksinere barn under 16 år og nokre særskilte grupper. Ungdomar og vaksne over 16 år kan få koronavaksine på eitt av tre apotek i kommunen vår, fortel kommuneoverlegen.

Trykk her for å gå til informasjon om koronatilbodet i Alver.