HeimNyheiterSlik får du tak i oss i Alver kommune

Slik får du tak i oss i Alver kommune

Vi byggjer ei ny nettside og er klare for å svare på spørsmål.
Publisert: 13.12.2019
Sist endra: 13.12.2019

Lurar du på kva tilbod den nye kommunen har, korleis du kan søkje om tenester og kven som har ansvaret for kva?

20. desember 2019 opnar vi den nye nettsida til Alver kommune. Nettsida liknar på sidene du er vand til frå Lindås, Meland og Radøy og gir oppdatert informasjon om den nye kommunen.

Her kjem den nye nettsida til Alver: www.alver.kommune.no

Ønskjer du å følgje med på kva som skjer i den nye kommunen, oppmodar vi deg i tillegg om å følgje den nye Facebook-sida vår som også kjem på lufta 20. desember. Dette blir adressa til den nye Facebook-sida: www.facebook.com/alverbu.

Kontakt oss på telefon og e-post

Kontaktinformasjon til avdelingar og tilsette finn du på den nye nettsida vår. Her finn du også kontaktinformasjon til politikarane i den nye kommunen og nye vaktnummer.

Innbyggjarservice for alle

Treng du hjelp til å orientere deg om tilbodet vårt eller fylle ut eit søknadsskjema? Skal du levere post eller treng tilgang til ein pc? Ja, då er du hjarteleg velkommen innom eitt av dei tre sentera våre.

Vi har framleis innbyggjarservice på kommunehuset på Manger og kommunehuset på Meland etter 1. januar. Innbyggjarservice er tilgjengeleg frå klokka 08.30 til 15.00 kvar dag frå måndag til fredag.

Vi byggjer også heilt ny innbyggjarservice i Knarvik Senter og gler oss til å ta imot deg der. Dei nye lokala er klare i slutten av januar. Inntil vi har opna på senteret, finn du oss som vanleg på Alver rådhus i Knarvik.

Vi er her for deg

Vi jobbar for at overgangen til Alver kommune skal bli så enkel som mogleg for alle som bur, besøkjer og driv næring i den nye kommunen.

Saknar du informasjon på den nye nettsida eller treng hjelp til å finne ut av ting. Ikkje ver redd for å ta kontakt med oss på telefon, e-post eller stikk innom eitt av dei tre gamle rådhusa.

Vi er her for deg!