HeimNyheiterSlik skal 16-17-åringane få vaksine

Slik skal 16-17-åringane få vaksine

– Alle som er fødde i 2004 og 2005 får no tilbod om koronavaksine, fortel ordførar i Alver kommune, Sara Hamre Sekkingstad.

Elevar som bur eller går på skule i Alver kan få vaksine i Nordhordlandshallen.

Får informasjon via skulen

– Ungdommane får beskjed via sin skule om korleis dei kan melde seg på til vaksinering. Det vil seie at ein 17-åring som bur i Bergen og går på skule i Knarvik får tilbod om vaksinasjon i Alver, forklarer ordføraren.

Ungdommar fødde i 2004 og 2005 som bur i Alver og ikkje får informasjon via skulen kan kontakte koronasenteret på 56 37 59 00 for å avtale vaksinasjonstid.

Er du ikkje fylt 16 år på vaksinasjonsdagen?

– Samtykke frå begge foreldra må hentast inn for dei som ikkje er fylt 16 år på vaksinasjonsdagen, seier Sekkingstad.

For dei som er blitt 16 år er det ikkje naudsynt med samtykke frå foreldre for å få koronavaksinen.

– Vaksinering er frivillig, men vi oppfordrar alle ungdommar å følgje råda frå helsemyndigheitene og nå nytte sjansen til å beskytte seg sjølv og dei rundt seg mot alvorleg sjukdom, seier Sekkingstad.


Sist oppdatert: 27.08.2021
Publisert: 27.08.2021