HeimNyheiterSmittetilfelle på fleire skular

Smittetilfelle på fleire skular

Sidan fredag har Alver kommune fått melding om åtte nye smittetilfelle.
Publisert: 06.09.2021
Sist endra: 06.09.2021

Fleire skular i Alver er no råka av koronasmitte. Sidan fredag ettermiddag har Alver kommune fått melding om åtte nye tilfelle.

  • Fredag: Eitt nytt tilfelle – personen var ikkje i karantene på testtidspunktet
  • Laurdag: Eitt nytt tilfelle – personen var ikkje i karantene på testtidspunktet
  • Søndag: Seks nye tilfelle - to av personane var ikkje i karantene på testtidspunktet

Eit av tilfella er knytt til Lindås Ungdomsskule. Her er 45 elevar i karantene.

Tre av tilfella er knytt til Knarvik vidaregåande skule. Fleire klassar er no i karantene ved skulen.

Smittekarantenen varar i 10 døgn, men det går an å teste seg ut av karantenen med ein negativ test etter 7 døgn.

Trykk her for meir om karantenereglane for born og unge i Alver