HeimNyheiterSmittetilfelle knytt til Knarvik ungdomsskule

Smittetilfelle knytt til Knarvik ungdomsskule

Elevar og tilsette ved Knarvik ungdomsskule må halde seg heime, etter at ein person knytt til klasse 9d har testa positivt for koronavirus.
Publisert: 11.04.2021
Sist endra: 11.04.2021

Av desse er 25 elevar og 5 tilsette i karantene.

Søndag 11.april fekk kommunen melding om at ein person knytt til Knarvik ungdomsskule har testa positivt for koronavirus.

- Alle elevar og tilsette knytt til klasse 9d skal no i karantene.

- Dei andre elevane ved skulen skal ha heimeskule dei første dagane, medan smittesporing går føre seg. Dette gjeld førebels til og med onsdag 14. april.

Karantenetida for elevar i klasse 9d gjeld til og med fredag 16. april. Skuleleiinga har vore i direkte kontakt med alle som må halde seg heime. Skulen har i tillegg informert andre tilsette og føresette på skulen.

No arbeider koronasenteret til Alver kommune med å kartleggje nærkontaktane til personen som har testa positivt.

Trykk her for å gå til sida med oversikt over smittesituasjonen i Alver.