HeimNyheiterSøk tilskot til verneverdige kulturminne

Søk tilskot til verneverdige kulturminne

Eigarar av kulturminne som er prioriterte i kommunale kulturminneplanar eller som er vurderte av fylkeskommunen som kulturminne av regional verdi eller interesse kan no søkja tilskot frå fylkeskommunen til istandsetjing.

Tilskot skal i første rekkje nyttast til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg. Tiltaka skal fylgje antikvariske retningsliner. Utførande handverkarar må ha utdanning eller realkompetanse innan bygningsvern og kunne vise til erfaring frå tilsvarande prosjekt. 

Gjennom denne ordninga blir det ikkje gitt støtte til tiltak på kulturminne i statleg, fylkeskommunalt eller kommunalt eige, tiltak på freda kulturminne eller ordinært vedlikehald og drift.

Det skal nyttast eige søknadsskjema. Søknad skal sendast til Alver kommune, postboks 4, 5906 Frekhaug eller post@alver.kommune.no

Søknadsfrist i Alver kommune er 15. januar. Ta gjerne kontakt med kommunen før du søkjer.

Søknadsskjema

Les meir om tilskotsordninga

Kontakt 


Sist oppdatert: 19.12.2022
Publisert: 19.12.2022