Spektakulært sykkelshow til Frekhaug

16. - 22. september er det duka for Europeisk mobilitetveke, og Miljøløftet og Alver kommune inviterer til ein dag ute i det fri med mange spennande aktivitetar for heile familien.
Publisert: 16.09.2022
Sist endra: 16.09.2022

Miljøløftet og Alver kommune inviterer torsdag 22. september til ein dag ute i det fri med mange spennande aktivitetar for heile familien. Kom og heng saman med oss!

Frå bygd til by, frå sykkel til buss, frå meg til deg, frå oss til miljøet! Under Mobilitetsveka viser vi korleis vi kan mikse alle reiseformene slik at reisa blir smartare, tryggare og meir berekraftig. Slik blir koplingane mellom oss betre, og alle stadane vi skal til og frå heng saman med kvarandre. Mobilitetsveka er Europas største kampanje for miljøvenleg transport og årets tema er
«Betre forbindelsar».

Program:

07.30–09.00: Knarvik
Utdeling av bollar til syklistar og kollektivreisande

18.00–20.00: Frekhaug senter

  • Sykkelshow med MOOW og nokon av Noregs beste utøvarar
  • Sykkelløype der du kan teste eigne sykkelferdigheiter
  • Gratis sykkelservice
  • Utlån av sparkesykkel frå BUA
  • Skulemusikken spelar opp, mat og drikke frå Gløde
  • Kortreist mat frå lokale leverandørar - Kvalfangar MS Olavsson, Alver honning, Troppo gard.

Plakat