HeimNyheiterStartar vaksinering av nye målgrupper

Startar vaksinering av nye målgrupper

Alver kommune har starta vaksinering av innbyggjarar mellom 18 og 64 år med underliggande sjukdommar.
Publisert: 22.04.2021
Sist endra: 22.04.2021

Denne veka sette Alver kommune ny vaksinerekord igjen. Tysdag 20. april fekk 915 innbyggjarar koronavaksine på massevaksinasjon i Nordhordlandshallen.

– Vi er snart i mål med gruppe fire på prioriteringslista til Folkehelseinstituttet (FHI). Denne gruppa består av personar i alderen 65-74 og personar mellom 18 og 64 som har sjukdommar eller tilstandar som gir høg risiko for alvorlege forløp om dei får koronavirus. I løpet av neste veke vil dei fleste av desse ha fått begge dosane av koronavaksinen, fortel kommuneoverlege Terese Folgerø.

Risikogruppene neste

Dei neste gruppene på prioriteringslista til FHI er:

  • 55-64 år med underliggande sjukdommar
  • 45-54 år med underliggande sjukdommar
  • 18-44 år med underliggande sjukdommar

– Innbyggjarar i desse gruppene treng ikkje registrere seg i Helseboka. Vi har fått namnelister frå fastlegane i Alver, og sender to tekstmeldingar med time til første og andre dose. Er du i denne gruppa? Pass på at du les begge meldingane, fortel kommuneoverlegen og legg til:

– Dersom tidspunktet ikkje passar eller du som får ei slik melding ikkje ønskjer vaksinen, er det svært viktig at du tar kontakt med oss – så vi kan gi vaksinedosen til den neste på lista.

Over 65? Ta kontakt

Kommunen har bedt alle innbyggjarar som er født i 2003 eller tidlegare, som ikkje er i ei av risikogruppene, om å registrere seg i Helseboka.

– Målet er å kartleggje kven som ønskjer vaksinen og gjere det enklare å invitere når vaksinane kjem. 14.000 innbyggjarar har registrert seg allereie. Det er utruleg bra, seier kommuneoverlegen og oppmodar alle som ikkje har registrert seg enno om å gjere det.

Ho oppmodar også innbyggjarar over 65 år, som enno ikkje har fått tilbod om vaksinen, om å ta kontakt med koronasenteret til kommunen.

Fleire vaksinar framover

Dei siste vekene har Alver kommune fått om lag 1000 vaksinedosar i veka. Etter massevaksinasjonen denne veka har kommunen sett om lag 8000 vaksinedosar.

– Vi ventar betydeleg auke i leveransane framover. Største delen av vaksineringa vil skje i sommarmånadane. Vi må setje om lag 35.000 vaksinedosar til for å kome i mål med vaksinering av alle innbyggjarar over 18 år, seier kommuneoverlegen.

– Vaksinane held seg berre fem dagar etter at dei kjem til oss. Difor er det viktig at alle møter opp til vaksinasjon når dei får time, også i ferien, understrekar kommuneoverlegen.

Trykk her for å lese meir om koronavaksinasjon i Alver.