HjemNyheiterSuksess for kajakk-prosjekt

Suksess for kajakk-prosjekt

Ein padletur i kajakk kan gjere godt for både kropp og sinn.
Publisert: 17.02.2023
Sist endra: 17.02.2023

I Alver er det milevis med kystlinje og område som er perfekte for ein padletur i kajakk. Dette har ei gruppe med tilsette og brukarar av ulike tenester i kommunen og representantar frå IL Kvernbit, sett nytten av. No er fleire av dei sertifiserte aktivitetsleiarar i Norsk Padleforbund.

– Vi har nådd eit stort mål, seier ein entusiastisk leiar av Manger Frivilligsentral, Birthe Bjørstad.

– Ein tilsett og ein brukar frå avdeling psykisk helse og rus i kommunen, samt leiar av BUA i Alver, vart nyleg sertifiserte aktivitetsleiarar i Norsk Padleforbund. Også ein ungdom som tidlegare har vore med på grunnkurs gjennom BUA Manger og IL Kvernbit, fekk beviset på fullført kurs.

I friskt januar-vêr på Rongevær fullførte dei alle med glans.

– Som aktivitetsleiarar kan dei ha med seg grupper på padleturar, dei kan halde grunnkurs i padling og gi ut «våttkort». «Våttkort» får du når du har gjennomført grunnleggande kurs i padling, fortel Bjørstad.

Startar ny padlegruppe

Saman med kajakkgruppa i IL Kvernbit og andre frivillige aktørar, er ein i oppstartsfasen av ei ny padlegruppe. Denne er for personar som har utfordringar knytt til avhengigheit og psykisk helse og deira pårørande.

– Målet er å skapa ein trygg arena for meistring og glede. Det blir padleturar i nærområda i Nordhordland med fokus på gode naturopplevingar, seier Elin Skråmestø Hinriksson frå avdeling for psykisk helse og rus.

Vil ha fleire med

Brukaren frå psykisk helse og rus som nyleg vart sertifisert som aktivitetsleiar, har alt bidrege på fleire grunnkurs for ungdom, og kjem til å vere ein aktiv deltakar i IL Kvernbit framover.

– No har vi våre eigne aktivitetsleiarar og fleire vil få moglegheit til å ta grunnkurs i padling. Vi ser også på korleis vi kan få kajakkpadling som ein fast del av tenestetilbodet vårt, seier Vibeke Angelskår Erstad, tenesteleiar for psykisk helse og rus.

Gruppe på padletur i kajakk

Slik starta prosjektet

Kajakkprosjektet er eit samarbeid mellom Manger Frivilligsentral, BUA, kajakkgruppa i IL Kvernbit og avdeling for psykisk helse og rus i kommunen. Prosjektet starta sommaren i 2021 etter å ha motteke støtte frå stiftinga «Helle Bennets Allmennyttige Fond».

Bakgrunnen for prosjektet:

  • Avdeling for psykisk helse og rus i kommunen hadde eit ønske om å nytte padling som aktivitet i sitt tilbod. Det er også viktig at brukarar kan ta med seg padlinga vidare som ein aktivitet i eigen kvardag.
  • Kajakkgruppa i IL Kvernbit, med Audun Håland i spissen, ville utvikle kajakktilbodet i klubben. Både i form av fleire krefter til å bidra inn i klubben og ønske om å utvikle tilbod som inkluderer menneske med skjulte funksjonsnedsettingar på ein god måte.
  • BUA ønskte å tilby padleutstyr til utlån, samt å bidra til å gje lokal ungdom og familiar padlekurs slik at dei kan padle på ein god og sikker måte. I ein kommune med så mange mil kystline, ønsker BUA at endå fleire ungdommar skal få nærleik til sjøen og bruke den aktivt i kvardagen.