Sykkelshow og sykkelservice på mobilitetsveka i Alver

Laurdag 16. september går startskotet for Mobilitetsveka, med Bilfri dag i Bergen sentrum. Deretter blir det program gjennom heile veka i alle Miljøløftet-kommunane: Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden.
Publisert: 15.09.2023
Sist endra: 15.09.2023

Temaet for årets mobilitetsveke er «Spar energi». Målet er å vise korleis ein kan bruke beina, sykkelen, kollektivtransport eller bildeling og samkøyring for å spare energi og få ein grønare reisekvardag.

På programmet står spektakulære sykkelshow, trialløyper for barn, bilfri dag, gratis sykkelservice og mykje anna. Sjekk heile programmet her 

Programmet i Alver

Onsdag 20.09

Morgonutdeling i Knarvik. Kl. 07.00–08.30, Knarvik kai. Vi deler ut bollar, kaffi og smågåver til dei som reiser kollektivt, syklar og går. 

Torsdag 21.09

Sykkelshow og Torgdag Kl. 11.00–12.00 Manger skule, Mangernesveien 21 Kl. 18.00–21.00, Torgdag på Frekhaug, ved Frekhaug senter. Vi feirar Mobilitetsveka 2023 med eit spektakulært sykkelshow med MOOW. På Frekhaug blir det også Torgdag med gratis sykkelservice, lokale utstillarar og kortreist mat. Ta med familien og syklane og kom, og ha ei koseleg stund saman midt i en travel kvardag. 

Dette skjer på Torgdagen på Frekhaug

  • Sagstad skolemusikk spelar opp opninga for oss
  • Alver honning kjem med fantastisk honning og andre produkt
  • MS Olavsson kjem med nydeleg kvalkjøt og kvalprodukt
  • Glede på hjul kjem med glede og sukkerspinn
  • LHL Meland har ein kampanje dei vil dele med oss
  • BUA visar seg fram og gjer deg informasjon om denne flotte gratis utlånstenesta for sports- og fritidsutstyr.
  • TSU (Trafikksikringsutvalet) har quiz med premiar
  • Trialsyklistane i MOOW har sykkelshow og viser sine beste tricks. Sjå meir: https://moow.show/
  • Gratis sykkelservice med proffe mekanikarar. Syklar kan leverast frå kl. 18. Tilbodet om sykkelservice gjeld dei syklane mekanikarane rekk over i løpet av arrangementet, så det vil vere lurt å levere sykkelen inn i god tid før arrangementsslutt kl. 21.
Kanskje blir det og eit musikalsk overraskingsinnslag frå scena.

Følg arrangementet på Facebook her.

Om europeisk mobilitetsveke 

Europeisk mobilitetsveke har som mål å synleggjere korleis du kan reise meir miljøvennleg, samtidig som du dekker transportbehovet ditt. Mobilitetsveka blir arrangert kvart år frå 16. – 22. september over heile Europa. I 2022 deltok om lag 3000 byar og tettstadar i 51 land.  Mobilitetsveka er dermed Europas største kampanje for miljøvennleg transport. Les meir på nettsidene til Europeisk mobilitetsveke